Heddal stavkyrkje er truleg bygd i fyrste halvdel av 1200-talet. Kyrkja er ei trearma krosskyrkje og er i si noverande form den største av dei attverande stavkyrkjene. Midtrommet, som esr bore på grunnstokkar, har tre mellomstavar i kvar av langveggane, samt ein stav i kvar kortvegg. Dei fire hjørnestavane i skipet, samt plankeveggane i omgangen er opphavlege. Både skipet og koret har heva midtrom, samt at dei begge har takryttar. Heile kyrkja er omkransa av ein svalgang i tillegg til at kyrkja har ein apsis ved enden av koret i aust med både spir og kjegleforma tak. Etter reformasjonen var kyrkja i dårleg stand og vart kraftig restaurert i perioden 1849-1851 etter planar av arkitekt Johan Heinrich Nebelong. I tida frå 1930 til 1955 vart kyrkja tilbakeførd til antatt utforming frå mellomalderen.
(Kjelde: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005)
Takk til Vestfold og Telemark fylkeskommune for lån av denne 3D-modellen.
Comments